Kurs

Breruta

Jostedalsbreen, eller Josten, er som kjent den største breen i Noreg og fastlandseuropa. Den ligg der den ligg på grunn av to elementære ting, nemleg høge fjell og mykje nedbør som snø.
Dette er også det som er ein kvar skialpinist sin draumekombinasjon; høge fjell og mykje snø. Legg ein også til utsikt i verdensklasse samt spektakulære nedkøyringar gjennom brefall so har du Breruta.

Breruta snor seg frå Jostedalen via breplatået til Brenibba (og kanskje Lodalskåpa for dei sprekaste) og ei spektakulær nedkøyring ned Bødalsbreen, samt bestigning av Skåla og utsyn over Nordfjorden under nedkøyringa til Loen.

Dette er ein tur for dei aller sprekaste då både anntall høgdemeter og lengde på dagsmarsjane er dryge. Vi snakkar fort om opp til 1800 høgdemeter og 20 km bortover i dagsmarsjar, so her må grunnformen vere på plass, men har ein den, so er gevinsten stor i form av ei skioppleving som set i resten av livet.

Bli med Norgesguidane på denne fantastiske turen over tre dagar som tar deg frå innland til fjordland via eit eventyrlandskap av tindar, vidder, brefall og fjordar.

Bli Med!

Made with BreezingForms for Joomla!® by Crosstec