Turer

Josten Rundt

Jostedalsbreen: Den største breen på fastlandseuropa. Ei kappe av evig snø og is. Faktiskt so mykje is at viss ein smelta heile breen, ville vannmengda fylt opp Mjøsa to ganger.
Mangen har hatt gleden av å gå over denne fantastiske breen, gjerne via den ultra klassiske ”Josten på langs” turen (som vi også arrangerar).

Josten rundt konsentrerer seg om ytterkanten av ”Josten”. Her vil vi gå med alpint utstyr i randsona til breen, frå fjordkanten, via djupe dalar til dei høgaste fjella rundt og nedatt dei flottaste og lengste nedfartane som finst i Norge. Turen er lagt opp slik at vi bur på hytter og hotell nede ved fjorden, går med lett dagstursekk og kan nyte gleden av utsikten til noko av det mektigaste Norge har å by på av utsikt, samt skikøyring i verdensklasse.

Toppar som vill ligge på vår veg er for eksempel: Frudalshesten 1572 moh, kvitevarden 1452 mon, Bjørga 1560, Snønipa 1827, Ceciliekruna 1717 moh og Skåla 1848 moh.

Turen rundt heile breen er lang, altfor lang til å ta i ein omgang. Derfor har vi lagt runda rundt heile breen opp i to etappar.

Josten Rundt Vest

Oppmøte (kvelden før) og overnatting på Sogndal Lodge

Dag 1: Sogndalsdalen - Fjærland via Frudalshesten (1572 moh) og Skredfjellet (1030 moh). Overnatting på Fjærland: Rødseter Inn.
Dag 2: Bøyadalen - Lunde via Sygnesandsnipa (1548 moh). Overnatting på Lunde turiststasjon.
Dag 3: Lunde - Stardalen via Bjørga (1551 moh) og Litlefjellet (1200 moh). Overnatting på Stardalen hyttegrend
Dag 4: Stardalen - Myklebustdalen via Snønipa (1827 moh). Overnatting på Sandal Gard.
Dag 5: Myklebustdalen - Olden via Ceciliekruna (1717 moh) og Skarsteinsfjellet (1560 moh). Overnatting på Aleksandra hotel.
Dag 6: Loen - Oppstryn via Skåla (1848 moh).

Dette vil innebære 6 overnattingar (Sogndal, Fjærland, Lunde, Stardalen, Sandal og Loen). Det vil bli transport (taxi/buss) frå Sogndal til Frudalen (15 km), frå Fjærland fjordstuer til Bøyum (5 km), frå Myklebust til Sandal (3 km), frå Olden til Loen (5 km), samt frå Bødalssetra til Loen og tilbake til Sogndal.

Josten Rundt Aust

Oppmøte Loen på dag 1

Dag 1: Loen - Skålatårnet. Overnatting: Skålatårnet.
Dag 2: Skåla - Tindefjellsbreen/Skålbreen - Bødalssetra. Overnatting: Bødalssetra
Dag 3: Bødalssetra - Lodalskåpa/Brenibba - Fåbergstølen. Overnatting: Jostedalen hotell
Dag 4: Nigardsbreen - Steinmannen - Krundalen. Overnatting. Jostedalen hotell.
Dag 5: Krundalen - Tunsbergsdalsbreen - Veitastrond. Overnatting: Nesøyane gjestehus/privat.
Dag 6: Veitastrond - Steindalsbreen/Nipa - Fjærland. Overnatting: Rødseter Inn.

Heimreise!
Dette er nok den hardaste langturen ein kan ta i Norge, ja Kanskje i heile Europa, ivertfall mykje tyngre enn Alpe klassikaren ”Haute route”. Ein bør vere i fysisk god form for å gje seg i kast med denne turen. Dagsetappar er lange og inneheld høgdeforskjeller frå 1300 til 1800 meter samt ein solid dose distanse.

Tunge dagar, lange nedfartar blir premiert med Stor utsikt og hærlege overnattingsstadar langs ruta.

Bli med!

Bli Med!

Made with BreezingForms for Joomla!® by Crosstec