Turer

Toppturveke i Hurrungane

Sommerferie med fjellførar på dei kvassaste toppane i Noreg!
Drøymer du om ei veke med lange dagar på tur i fjellet, men manglar litt på det tekniske for å komme forbi dei brattaste og glattaste partia på eiga hand? Har du lyst til å rangle på tindane, men ikkje nødvendigvis lære å gjere det på eiga hand? Då er dette veka for deg!

Fem dagar på tur med ein erfaren og utdanna fjellførar som attpåtil brukar heile sommaren på å traske rundt i desse fjella. Nokre av dagane får me på luftige klatretoppar som Store Austabotntind eller Skeia, andre dagar brukar me breen som adkomst til majestetiske Storebjørn eller Store Ringstind midt i Hurrungane. På vegen tek me kanskje med oss ei utsikt ned i djupe sprekkar og blåis, og i dårleg vær klatrar me is eller utforskar marmorgrotter og fantastisk flora i Dumdalen.

Bli Med!

Made with BreezingForms for Joomla!® by Crosstec