Breruta

Jostedalsbreen er som kjent Norges og fastlandseuropa`s størte isbre og den ligger der den ligger grunna eit par elementære ting, nemlegt høge fjell og mykje nedbør som snø.
Dette er også det som er ein kvar skialpinist sin draumekombinasjon; Høge fjell og mykje snø. Legg ein også til ; utsikt i verdensklasse samt spektakulære nedkøyringar gjennom brefall so har du Breruta.

Breruta snor seg frå Jostedalen via breplatået til Brenibba (og kanskje Lodalskåpa for dei sprekaste) og ei spektakulær nedkøyring ned Bødalsbreen, samt bestigning av Skåla og utsyn over Nordfjorden under nedkøyringa til Loen.

Dette er ein tur for dei aller sprekaste då både anntall høgdemeter og lengde på dagsmarsjane er dryge. Vi snakkar fort om opp til 1800 høgdemeter og 20 km bortover i dagsmarsjar., so her må grunnformen vere på plass, men er ein i form til dette, so er gevinsten stor i form av ein skiopplevelse som sitter i resten av livet.

Bli med Norgesguidane på denne fantastiske turen over tre dagar som tar deg frå innland til fjordland via eit eventyrlandskap av tindar, vidder, brefall og fjordar.

Dag for dag

Oppmøte på kvelden, entell på Sogndal logde eller Sogndal Quality hotell, ca kl 2000

Dag 1: Vi blir køyrdt frå Sogndal til Fåberg i Jostedalen. Går på ski opp Fåbergstølsbreen, opp til Brenibba, nedkøyring via Bødalsbreen og overnatting på Bødalssetra.

Dag 2: Går på ski opp entell Tindebreen eller Skålbreen (avhengig av snøforhold), vidare til Bings brekuppel. Ned til Hogrenningsdalen og oppatt til Skåla, overnatting i Skålatårnet.

Dag 3: Laaang frukost mens vi ventar på at sola skal tine opp snøen vår slik at vi får perfekte forhold ned igjen dei 1800 meterane ned til Loen. Der nede tar vi buss tilbake til Sogndal.

Bli Med!

Made with BreezingForms for Joomla!® by Crosstec