Bladet

Bladet er ein særeigen pinakkel(tårn) i Molladalen. Den ligg rett ved Mohns topp og Randers topp.
Klatringa er ikkje like vanskeleg som bileta gjev inntrykk av. På sommarstid, juni - oktober, er den vanlegaste vegen å gå frå Molladalssida. Det er ulike vegar opp, klatreruter og klyving i renner. Mange vel å ligge i telt i Molladalen og gå på tur to eller fleire dagar. Dette gir større sjanse for sikt når ein er på Bladet og klatringa på Molladalsgranitten dei andre dagane er ikkje å forakte.

Bli Med!

Made with BreezingForms for Joomla!® by Crosstec