Josten på langs

"Josten på langs" er den klassiske vårskituren på Jostedalsbreen: Tre dagar på ski fra Jostedalen eller Stryn til Fjærland.
Turen startar med oppmøte i Jostedal kvelden før. Her blir det ein gjennomgang av utstyr og opplæring i overnatting under vinterforhold dersom ein ynskjer det.
Fra Jostedalen starter me ved Fåbergstølsbreen, passerer under Brenibba (2018 moh), med ein avstikkar opp på Brenipa (2018 moh) for dei som har lyst - vidare innom utsiktspunktet Kjenndalskruna (1830 moh) og Høgste Breakulen (1952 moh), forbi Bings gryte, og den siste dagen ned over Supphellebreen og Flatbreen til Flatbrehytta og Fjærland.

Turen kan og starte i Erdalen i Oppstryn eller Bødalen i Lodalen.
Ved gode forhold og god tid kan me og ta turen oppom Lodalskåpa (2083 moh)

Jostedalsbreen på denne tida kan vere både full sommar og full vinter. Enten fin vårsnø, eller masse tørr nysnø. Pakk derfor for en vintertur for å være førebudd til forholda.