Offpiste på Sunnmøre

Frå dei ulike skisentera på Møre er det mykje god kjøring utanfor løypene. Noko kan ein nå rett frå heisen, anna må ein gå litt for å oppnå. Uansett skal vi finne dagens beste snø og legge fine spor! Både kurs eller føring.
Spesielt to skisenter på møre skil seg ut som gode for offpiste. Stranda og Bondalseidet (Ørsta skisenter). Stranda skisenter har STORE områder som ein kan nå utan å gå. God frikjøring er lett tilgjengeleg og skisenteret som ved fyrste augekast kan virke ”todimensjonalt”, vil etter kvart vise seg å ha skjulte områder og dalar som ikkje får mange skispor!
Bondalseide er eit av dei beste skisentera i Noreg fordi det er eit så enkelt og godt utgangspunkt for vidare turar. Offpistekjøring her betyr heis, skifellar og få, men gode, turar per dag. Dette er toppturar med heishjelp!

Vi har gode avtalar på overnatting og heiskort! Til dømes kostar overnatting på Stranda Hotell med heiskort 690,- i døgnet!Alpepass er eit skikort som virkar på 8 ulike skisenter på Nordvestlandet, ein spennande tur kan være å reise rundt på desse og velge det skisenteret som har beste snøen kvar dag!

Bli Med!

Made with BreezingForms for Joomla!® by Crosstec