Slogen 1564 moh

Girl in a jacket


Slogen byr på mykje av det Sunnmøre er kjend for. Ein luftig og alpin tur, med ei utsikt som mange meiner er ei av dei beste i området.

Slogen kan nåast frå fleire kantar, og eit godt alternativ er frå Urke og gjennom Langsæterdalen. Her vinn ein høgdemeter med overskudd i eit lettgådd terreng. Vi beveger oss frå den frodige dalen og opp mot dei steinete tindane.

Siste meterane til toppen er det lett klyving før ein kjem til det relativt smale toppunktet. Under oss åpnar fjorden seg, og vi kan sitte å nyte utsikten ei stund før vi beveger oss rolig nedover igjen. Sjølv om det ikkje alltid trengst, har vi med tau i sekken for sikkerheits skuld. 1-6 gjestar per guide.

Vi har flere guider bosatt rundt Sæbø-Ørsta-Volda og er på tur dagleg i dette fantastiske område. Her finst det ein tur som passar for alle, bere spør oss så finn me den perfekte turen for deg! Sagafjord Hotell, Standal og Uniun Øye er fine utgangspunkt for turer.

Bli Med!

Made with BreezingForms for Joomla!® by Crosstec